Fakta
Informasjon er oppdatert av Høgskulen på Vestlandet
.


Om studiet
Ein god HMS-kultur sikrar at arbeidsplassen er trygg for tilsette, bidrar til å forhindre arbeidsrelaterte sjukdommar, og skal fremme generell trivsel. Dette kurset er for deg som ønsker å lære meir om korleis HMS-kultur kan leiast, utviklast og endrast i ein organisasjon eller verksemd.
Kvifor studere HMS-kultur og leiing: Leiing og endring?
Eit trygt og helsefremjande arbeidsmiljø motiverer tilsette til å yte sitt beste. Noko som igjen kan føre til høgare kreativitet, innovasjon, samarbeid og eit positivt omdøme.
Gjennom studiet får du ei brei innføring i fagområda leiing og økonomi i HMS, samt forståing og innsikt i samspelet mellom individ, organisasjon og samfunn og i kva grad dette kan påverke HMS-kulturen i ei bedrift.
Kva lærer du ?
Etter å ha avslutta utdanninga skal du kunne vurdere og iverksette HMS-strategiar, og gjennomføre gode endringsprosessar i eiga bedrift.
Studiet har følgjande hovudtema:
- Leiing: Leiing av gode rutinar og nødvendig endring, leiingsformer og leiingsteknikkar, profesjonalisering av HMS-arbeid
- Økonomi: Nytte-kostnadsanalysar, lønsam ressursbruk.
- Lov- og avtaleverk: HMS-lover og forskrifter.
- Samspel: Individ, organisasjon og samfunn i HMS-kultur, HMS-arbeid i organisasjons- og økonomifagleg kontekst, tillit og etikk blir prioritert for HMS-forbetringar og leiing av dette.
Les meir om kva du lærer og eksamen.
Målgruppe
Dette emnet passar for deg som arbeidsmiljø og kva faktorar som fremmar og hemmar eit god og produkstovt arbeidsmiljø. Emnet passar både for deg som er leiar, tillitvalt, verneombod og ansatt.
Emnet blir tilbydd i samarbeid med utdanningsselskapet Addisco, som er eid av forbundet Styrke.
Studiets oppbygging
Opptakskrav
Generell studiekompetanse eller realkompetanse
Studiet tilbys i samarbeid med utdanningsselskapet Addisco.
Antall studieplasser som tilbys vil variere etter hvor mange deltakere som kommer via Addisco.
Slik søker du:
- Oppdater «Min profil» og trykk «Neste».
- Velg «Økonomi og ledelse».
- Trykk på «Søk» under «Videreutdanning vår 2026».
- Velg studiet du vil søke på fra lista (se søknadskode under).
- Trykk på «Legg til» og «Send inn søknad».
- Last opp dokumentasjon på at du dekker opptakskravet.
- Trykk «Neste» for å gjøre ferdig søknaden.