Fakta
- Alle (primær)
- Alle (ordinær)
Informasjon er oppdatert av Høgskulen på Vestlandet
8. desember 2023.


Om studiet
Kvifor studere fornybar energi?
Ei av dei viktigaste utfordringane verda står overfor, er å finne løysingar for korleis vi kan sikre tilgang til energi samtidig som vi reduserer klimagassutsleppa.
I Norge har vi god tilgang på fornybare energiressursar som vatn, vind og bioenergi. Å bruke desse ressursane på ein berekraftig måte er ei tverrfagleg utfordring, sidan også produksjon av fornybar energi påverkar naturen og samfunnet.
Tar du ei utdanning i fornybar energi i Sogndal, får du ein unik og tverrfagleg
kompetanse innan fornybar energiteknologi, energisystem,
energiøkonomi, miljø- og arealplanlegging.
Gjennom studiet lærer du om
- energiressursar og det norske energisystemet
- berekraftig energiomstilling
- fornybar energiteknologi og innovasjon
- miljøkonsekvensar ved produksjon og bruk av fornybar energi
- politiske og sosiale handlingsdrivarar og barrierar ved energiomstilling
- kva rolle kommune, fylke og stat spelar i utbygging av fornybar energi
- planlegging, regulering og næringsutvikling innan fornybar energi-sektoren.
Studiets oppbygging
Korleis er undervisninga?
På utdanninga i fornybar energi har vi forelesingar, øvingar på laboratorium, og gruppe- og prosjektoppgåver. Du kjem tett på fagfeltet du utdannar deg til gjennom ekskursjonar, feltarbeid og gjesteforelesingar.
Vi har blokkundervisning, det vil seie at vi jobbar med eit emne om gongen, med avsluttande eksamen, før vi begynner på neste emne.
Utveksling
Grip sjansen til å oppleve verda medan du studerer! Det er tilrettelagt for studieopphald i utlandet i 4. eller 5. semester.
Opptakskrav
Karrieremuligheter
Kva kan du jobbe med?
Med ei fornybar energi-utdanning kan du jobbe som rådgivar og saksbehandlar i kommunar, fylkeskommunar, direktorat og konsulentfirma.
Du kan blant anna jobbe med
- miljørådgiving og klimaplanar
- konsekvensanalysar og konsesjonsbehandling
- planlegging
- oppgåver innan konsesjonsprosessar, økonomiske vurderingar og grunneigarkontakt
Utveksling
Australia | James Cook University | https://www.hvl.no/student/utveksling/utvekslingsstad/?id=10489
Canada | Trent University | https://www.hvl.no/student/utveksling/utvekslingsstad/?id=10390
Nederland | Wageningen University & Research (WUR) | https://www.hvl.no/student/utveksling/utvekslingsstad/?id=10295
Nederland | Van Hall Larenstein University of Applied Sciences (VHL) | https://www.hvl.no/student/utveksling/utvekslingsstad/?id=10375
Nederland | HAS Green Academy | https://www.hvl.no/student/utveksling/utvekslingsstad/?id=10434
Polen | Wroclaw University of Environmental and Life Sciences (WUELS) | https://www.hvl.no/student/utveksling/utvekslingsstad/?id=10415
Spania | Autonomous University of Barcelona | https://www.hvl.no/student/utveksling/utvekslingsstad/?id=10428
Tyskland | Trier University of Applied Sciences | https://www.hvl.no/student/utveksling/utvekslingsstad/?id=10454
USA | Augsburg University | https://www.hvl.no/student/utveksling/utvekslingsstad/?id=10329
USA | Western Washington University | https://www.hvl.no/student/utveksling/utvekslingsstad/?id=10517