Fakta

Sted:
Nettstudier
Studietype:
Årsstudium
Studietempo: Heltid
Studiepoeng:
60
Søknadsfrist: 15. april
Opptakskrav: GENS
Poenggrenser 2024:
  • Alle (primær)
  • Alle (ordinær)
Studieplasser: 30
Nettbasert: Nei
Samlingsbasert: Nei
Deltid: Nei
Søknadskode (SO): 203170

Informasjon er oppdatert av Høgskulen på Vestlandet

.

Om studiet

Med årsstudium i engelsk får du innsikt i språk, litteratur, historie og samfunnstilhøve i den engelsktalande verda, betrar dine eigne språkferdigheiter og tileignar deg god tekstkompetanse.

Kvifor studere engelsk?

Engelsk er eit verdsspråk, og gjennom å studere engelsk får du innsikt i språk, litteratur, historie og samfunnstilhøve i den engelsktalande verda, betrar dine eigne språkferdigheiter og tileignar deg god tekstkompetanse. Dette er sentrale ferdigheiter i mange yrke og studiar. Studiet gir kunnskap om litteratur og andre kulturuttrykk, historie og samfunnstilhøve og munnleg og skriftleg språkkunnskap.

Du lærer:

  • Engelsk grammatikk, fonetikk og språkhistorie
  • Å lese og analysere litterære tekstar og andre kulturutrykk ved å bruke kunnskap om sjangrar, litterære verkemiddel og andre meiningsuttrykk, og historiske og sosiale kontekstar for produksjon og mottaking
  • Å nytte engelsk munnleg og skriftleg tilpassa tema, kontekst og mottakar

Engelsk årsstudium passar godt som vidareutdanning for lærarar, og som inngang til eller tillegg til andre studiar. Engelsk årsstudium kan inngå som studiepoeng i andre utdanningar, og dannar grunnlag for å fortsette på ei bachelorutdanning innan engelsk.

Studiets oppbygging

Korleis er undervisninga i engelsk årsstudium lagt opp?

Engelsk årstudium er eit heildigitalt studium, som består av fire emner. Kvart emne er 15 studiepoeng, og det vil bli gjennomført to emner i haustsemesteret og to emner i vårsemesteret. 

ENG501: Introduksjon til engelsk lingvistikk
ENG601: Introduksjon til engelskspråklig litteratur, historie og kultur
ENG701: Introduksjon til engelsk lingvistikk 2
ENG801: Engelskspråklig litteratur, historie og kultur 2

Engelsk er både målspråket og undervisningsspråket, og alle læringsaktivitetar er på engelsk.

Med atterhald om at endringar i organiseringa av studiet kan skje. 

Les meir om undervisingsmåtar, arbeidskrav og vurderingsformer i emneplanane.

Karrieremuligheter

Kva kan du jobbe med?

Å få fagkompetanse innan engelsk vil vera nyttig for arbeid innan undervisning, litteratur- og kulturformidling, språk og tekstarbeid, informasjonsarbeid, reiseliv, offentleg forvaltning, næringsliv og internasjonalt arbeid og studiar. Eit årsstudium i engelsk passar godt saman med andre utdanningar, som samfunnsfag, kulturfag, språkfag eller pedagogiske fag.

Alle utdanninger innen