Fakta
Informasjon er oppdatert av Høgskulen på Vestlandet
.


Om studiet
Studietilbodet Engelsk 2, 5. -10. trinn, gjev vidareutdanning i engelsk for lærarar. Studiet er i hovudsak for deg som underviser på mellom- og ungdomstrinnet, og som har 30 studiepoeng i engelsk frå tidlegare.
Kvifor studere engelsk?
Med denne vidareutdanninga i engelsk får du djupare innsikt i språkopplæring, fagkunnskap og fagdidaktikk på mellom- og ungdomstrinnet. Du får òg høve til å vidareutvikle dine eigne språkferdigheiter og tekstkompetanse. Studiet Engelsk 2 bygger vidare på Engelsk 1.
Kva lærer du?
- Du får betre innsikt i språkopplæring, fagkunnskap og fagdidaktikk på mellom- og ungdomstrinnet.
- Studiet omfattar vidareutvikling av språkferdigheiter og tekstkompetanse og gjev ei innføring i eit rikt og variert utval av tekstar – både til personleg og fagleg vekst og til bruk i undervisning på mellom- og ungdomstrinnet.
- Du oppnår djupare kunnskap om den grammatiske og fonologiske strukturen i det engelske språket.
- Studiet legg vekt på kva som kjenneteiknar elevar på ulike trinn og deira språkutvikling.
- Du lærer òg om tema som kommunikasjon, språkleg og kulturelt mangfald, vurdering og utvikling av digitale ferdigheiter i engelskfaget.
Denne vidareutdanninga er delt inn i to emner. Les meir i emneplanane om kva du lærer og eksamen:
- Kommunikasjon i språk, tekst og kultur - emne 1 (ENU803N).
- Mangfald i språk, tekst og kultur - emne 2 (ENU804N).
Målgruppe
Lærarar som underviser i engelsk og som ønsker personleg og fagleg vekst til bruk i undervisning.
Opptakskrav
Fullført lærarutdanning (grunnskule-/allmennlærar, faglærar, barnehage-/førskulelærar eller praktisk-pedagogisk utdanning).
Du må ha minst 30 studiepoeng i engelsk frå tidlegare.