Fakta

Sted:
hvl.no
Studietype:
Lavere nivå
Studieform: Nettstudium
Studietempo: Deltid
Studiepoeng:
30

Informasjon er oppdatert av Høgskulen på Vestlandet

17. mars 2023.

Om studiet

Engelsk 2 byggjer på Engelsk 1. Studiet har to emne, kvart på 15 studiepoeng, som byggjer på kvarandre. Emne 1 vert undervist i haustsemesteret og emne 2 i vårsemesteret.

Du finn meir informasjon i emneplanane:

Kva lærer du?

  • Du får større innsikt i språkopplæring, fagkunnskap og fagdidaktikk på mellom- og ungdomstrinnet.
  • Studiet omfattar òg vidareutvikling av språkferdigheit og tekstkompetanse, og gjev deg ei innføring i eit rikt og variert utval tekstar, både til vidare personleg og fagleg vekst og til bruk i undervisning på mellom- og ungdomstrinnet.
  • Du får djupare kunnskapar om grammatisk og fonologisk struktur i det engelske språket.
  • Studiet fokuserer på kva som kjenneteiknar elevar på dei ulike trinna og deira språkutvikling.
  • Du lærer òg om temaa kommunikasjon, språkleg og kulturelt mangfald, vurdering og utvikling av digitale ferdigheiter i engelskfaget.

Praktisk informasjon

Studiets oppbygging



Opptakskrav

Lærarutdanning (grunnskule-/allmennlærar, faglærar, barnehage-/førskulelærar eller praktisk-pedagogisk utdanning). Du må vere tilsett i ei lærarstilling.

Du må ha minst 30 studiepoeng i engelsk frå tidlegare.

Kravet om bestått lærarutdanning kan fråvikast dersom du berre manglar faget du søker på, for å få fullført lærarutdanninga di.

Om du søker dispensasjon frå opptakskravet, må det foreligge stadfesting frå tidlegare studiestad om at studiet du søker opptak til kan inngå i og føre til avslutta lærarutdanning.

Alle utdanninger innen