Fakta

Sted:
Nettstudier
Studietype:
Halvårs- og årsstudium
Studietempo: Deltid
Studiepoeng:
30

Informasjon er oppdatert av Høgskulen på Vestlandet

.

Om studiet

I denne vidareutdanninga får du innføring i språkopplæring og fagdidaktikk. Vi gir deg også innføring i eit rikt og variert utval av tekstar både til personleg og fagleg vekst, og til bruk i undervising på mellom- og ungdomstrinnet.

Kvifor studere engelsk?

Ein dyktig engelsklærar kan hjelpe elevane med å utvikle sterke språklege ferdigheiter, som munnleg kommunikasjon, skriving, leseforståing og grammatikk. Med gode engelskkunnskapar kan du som lærar gjere elevane betre førebudde på internasjonale moglegheiter, som studium i utlandet, arbeid i engelskspråklege land og deltaking i internasjonale samarbeid.

Kva lærer du og korleis er emna bygd opp?

Studiet gir deg kunnskap om det engelske språket sin grammatiske og fonologiske struktur, og utviklar di eiga språkferdigheit, tekstkompetanse og aktive ordforråd. Du får også innsikt i ulike læringsaktivitetar og arbeidsmåtar.

Den praktiske erfaringa di blir trekt inn i vidareutdanninga. Målet er at studiet skal tilføre skulen du underviser på oppdatert fagleg og didaktisk kompetanse.

Studiet har to emner som bygger på kvarandre. Emne 1 blir undervist i haustsemesteret og emne 2 i vårsemesteret. Les meir i emneplanane om kva du lærer og eksamen:

Målgruppe

Engelsk 1, 5-10 rettar seg i hovudsak mot deg som er lærar på mellom- og ungdomsskuletrinnet, og som manglar formell kompetanse i engelsk frå før.

Praktisk informasjon 

Opptakskrav

Fullført lærarutdanning (grunnskule-/allmennlærar, faglærar, barnehage-/førskulelærar eller praktisk-pedagogisk utdanning).

SKK Bekreftelse på utdanning fullføring NN

Alle utdanninger innen