Fakta

Sted:
hvl.no
Studietype:
Lavere nivå
Studieform: Nettstudium
Studietempo: Deltid
Studiepoeng:
30

Informasjon er oppdatert av Høgskulen på Vestlandet

17. mars 2023.

Om studiet

Kven er studiet for?

Engelsk 1, 5-10 rettar seg i hovudsak mot deg som er lærar på mellom- og ungdomsskuletrinnet, og som manglar formell kompetanse i engelsk frå før.

Studiet har to emne som bygger på kvarandre, emne 1 blir undervist i haustsemesteret og emne 2 i vårsemesteret.

Kva lærer du?

Studiet omfattar kunnskap om det engelske språket sin grammatiske og fonologiske struktur og utvikling av eiga språkferdigheit, tekstkompetanse og aktivt ordforråd. I tillegg gir studiet innsikt i ulike læringsaktivitetar og arbeidsmåtar.

Den praktiske erfaringa di vert trekt inn i videreutdanninga, og det er eit mål at studiet skal tilføre skulen du underviser på oppdatert fagleg og didaktisk kompetanse.

Du skal gjennomføre eit klasseromretta didaktisk prosjekt der du reflekterer over eigen praksis, og skal òg kunnskapsdele med kollegaer og minst ein frå leiinga.

Praktisk informasjon

Opptakskrav

Lærarutdanning (grunnskule-/allmennlærar, faglærar, barnehage-/førskulelærar eller praktisk-pedagogisk utdanning). Du må vere tilsett i ei lærarstilling.

Kravet om bestått lærarutdanning kan fråvikast dersom du berre manglar faget du søker på, for å få fullført lærarutdanninga di.

Om du søker dispensasjon frå opptakskravet, må det foreligge stadfesting frå tidlegare studiestad om at studiet du søker opptak til kan inngå i og føre til avslutta lærarutdanning.

Alle utdanninger innen