Fakta
Informasjon er oppdatert av Høgskulen på Vestlandet
.


Om studiet
Å gje god respons og rettferdig vurdering tek ofte tid, men må det vere slik? Denne vidareutdanninga gir deg konkrete metodar for å gi treffsikker, motiverande og effektiv tilbakemelding i norskfaget, utan at arbeidsmengda tek over kvardagen.
Kvifor studere respons og vurdering i norskfaget?
Respons og vurdering påverkar både elevane si læring og opplevinga deira av meistring i skulen. Samstundes stiller dagens skule høge krav til vurderingar som er fagleg funderte, rettferdige og gjennomførbare i ein travel kvardag.
Dette emnet tek utgangspunkt i behovet for berekraftige vurderingsformer, som styrker kvaliteten i norskfaget for elevane, læraren og skulen som heilskap.
Kva lærer du?
Du får inngåande kunnskap om vurdering for læring og funksjonell respons på skriftlege og munnlege elevarbeid. Arbeidet omfattar både innhald, struktur og språkleg framstilling. Emnet gir deg eit breitt repertoar av vurderingsformer tilpassa barnetrinnet, ungdomstrinnet og vidaregåande opplæring.
Du får òg innsikt i korleis kunstig intelligens kan brukast fornuftig og etisk i vurderingsarbeidet. Studiet er heildigitalt. Det gir stor fleksibilitet i ein travel kvardag.
Les meir i emneplanen om kva du lærer og eksamen (ERV801).
Målgruppe
Norsklærarar som underviser i grunnskulen og vidaregåande skule.
Opptakskrav
Fullført lærarutdanning (grunnskule-/allmennlærar, faglærar, barnehage-/førskulelærar eller praktisk-pedagogisk utdanning). Du må vere tilsett i ei lærarstilling.