Fakta
Informasjon er oppdatert av Høgskulen på Vestlandet
.


Om studiet
Danningsperspektivet i norskfaget gir deg fagleg tryggleik innanfor eit av norskfaget sitt viktigaste, men minst eksplisitte oppdrag. Studiet viser korleis språk, litteratur, lesing, skriving og munnleg opplæring kan brukast systematisk for å fremje danning, identitetsutvikling og demokratisk deltaking i tråd med LK20.
Kvifor studere danningsperspektivet i norskfaget?
Norskfaget har eit tydeleg danningsoppdrag, samstundes som danning ikkje er formulert som eit eige kompetansemål. Dette studiet gir deg tryggleik i kva danningsomgrepet rommar, og korleis du kan arbeide med det i kvardagen i klasserommet.
Du får eit fagleg fundament for å ta medvitne val av tekstar, arbeidsmåtar og undervisningsformer som gir rom for refleksjon, dialog og engasjement.
Kva lærer du?
Du lærer korleis danning kan bli ein integrert del av norskundervisninga gjennom arbeid med litteratur, lesing, skriving, dialog og diskusjon. Studiet vektlegg litteratur som spegel og vindauge, skriftkultur og tekstproduksjon som grunnlag for språkleg utvikling og meistring, og eleven som aktiv samfunnsaktør.
Du utviklar didaktiske opplegg som knyter saman overordna del og kompetansemål i LK20, og får innsikt i kritisk og pedagogisk bruk av teknologi og kunstig intelligens.
Les meir i emneplanen om kva du lærer og eksamen (DNO801).
Målgruppe
Norsklærarar i grunnskulen.
Opptakskrav
Fullført lærarutdanning (grunnskule-/allmennlærar, faglærar, barnehage-/førskulelærar eller praktisk-pedagogisk utdanning).
Du må ha 30 stp. i norsk frå tidlegare.
Kravet om bestått lærarutdanning kan fråvike dersom du berre manglar faget du søker på, for å få fullført lærarutdanninga di.
Om du søker dispensasjon frå opptakskravet, må det finnast stadfesting frå tidlegare studiestad om at studiet du søker opptak til kan inngå i og føre til avslutta lærarutdanning.