Fakta

Sted:
Sogndal
Studietype:
Høyere nivå
Studieform: Nettstøttet, undervisning ved lærestedet, samlingsbasert
Studietempo: Deltid
Studiepoeng:
30

Informasjon er oppdatert av Høgskulen på Vestlandet

.

Om studiet

Jobbar du i barnehage, og vil lære meir om korleis du kan stimulere barn si språkutvikling? 

Kvifor studere Barns språkutvikling og språklæring?

Opplev korleis ei betre forståing for barn si språkutvikling kan gjera læring meir engasjerande og gøy. Studiet kan opne dører for meir spesialiserte roller i barnehagepedagogikk. Lær deg metodar og verktøy som kan brukast til å tilpassa undervisninga til barns individuelle behov. 

Kva lærer du?

I dette studiet lærer du om barns språklege utvikling og om språkstimulering gjennom leik, høgtlesing og samtale. Vi har eit særleg fokus på barn som strevar med språkutviklinga og barn med norsk som andrespråk.

  • språkutvikling og fleirspråkleg utvikling hjå barn
  • barn med språk- og kommunikasjonsvanskar i barnehagen
  • kartlegging og observasjon av barns språkutvikling og barnehagens språkmiljø
  • språkstimulering

    For meir informasjon om innhaldet i studiet, sjå emneplanen

Målgruppe

Vidareutdanningstilbod retta mot deg som er barnehagelærarar og andre pedagogar som jobber i barnehage.

Opptakskrav

Førskule-/barnehagelærar eller anna treårig pedagogisk høgskuleutdanning med vidareutdanning i barnehagepedagogikk som kvalifiserer for pedagogisk leiarstilling i barnehagen. Du må være tilsett i barnehage.

Meir om søknadsprosessen