Fakta
Informasjon er oppdatert av Høgskulen i Volda
.


Om studiet
Vidareutdanninga skal gi lærarar grunnleggande kompetanse i tekstbasert programmering og algoritmisk tenking, med særleg vekt på didaktisk bruk i skulen. Studiet er tilrettelagt for lærarar i grunnskulen og vidaregåande skule.
Du skal mellom anna få kunnskap om sentrale omgrep og konsept innan tekstbasert programmering, kunnskap om algoritmar og program i tekstbasert programmering. Vidare får du innsikt i korleis tekstbasert programmering kan støtte utvikling av grunnleggande ferdigheiter hos elevar og forståing for overgang mellom visuell og tekstbasert programmering.
Dersom du er lærar som er innvilga økonomisk støtte frå UDIR og ynskjer prioritert opptak på dette emnet, må du laste opp dokumentasjon om dette i søknadsweb. Legg ved e-post eller kopi av brev frå UDIR.
Har du spørsmål om dette kan du kontakte EVU-koordinatorOle Frank Bakken.
Her finn du meir informasjon om økonomisk støtte til vidareutdanning gjennom UDIR: https://www.udir.no/kvalitet-og-kompetanse/kompetanseutvikling/videreutdanning/