Fakta
Informasjon er oppdatert av Høgskulen i Volda
.
Om studiet
I dette studiet får du grunnleggande teaterkunnskap, kunnskap om sentrale teaterfaglege metodar, verktøy og prosessar, og kunnskap om eit utval av formidlings- og scenekunstnarlege former.
Kva lærer du?
I studiet skal du mellom anna jobbe med:
- Skodespelarteknikk og scenekunst
- Ensemblebyggjing og improvisasjon
- Teaterproduksjon
- Kreativitet og kommunikasjon
- Forteljarkunst
- Teaterkunnskap
Vil du studere vidare?
Årsstudiet tilsvarar første året i Bachelor i skodespel og scenekunst ved Høgskulen i Volda. Du vil difor få godskrive årsstudiet i bachelorgraden og starte direkte på andre studieår.
Følg oss gjerne på Facebook eller TikTok.
Ønskjer du å sjå, spele og skape teater for ulike målgrupper? Då kan reisa di starte hos oss! Som student ved årsstudiet får du ei solid og allsidig utdanning i eit utøvande og svært aktivt fagleg miljø. Vi tilbyr ein unik kombinasjon av praktisk skodespelartrening og ei teoretisk-akademisk utdanning som vil gje deg eit godt grunnlag for vidare arbeid som scenekunstnar innan det frie kulturlivet.
Studiet gjer deg grunnlag for arbeid som utøvar i det frie kulturlivet, og som formidlar ved ulike institusjonar.
Studiet er identisk med første året av Bachelor i skuespill og scenekunst ved Høgskulen i Volda, og vil bli godskrive i denne graden om du ønskjer å studere vidare.