Fakta

Lærested:
Sted:
Høgskulen i Volda
Studietype:
Videreutdanning
Studieform: Undervisning ved lærestedet
Studietempo: Deltid
Studiepoeng:
60
Søknadsfrist: 15. april

Informasjon er oppdatert av Høgskulen i Volda

.

Om studiet

Studiet gir deg brei praktisk, teoretisk og kritisk kunnskap om opplæringa i barnehage og skule, med særskild merksemd retta mot spesialpedagogiske tiltak.

Studiet gir studentane inngåande kunnskapar, ferdigheiter og kompetansar som gjeld opplæringa i barnehage og skule. Merksemda er særleg retta mot dei spesialpedagogiske utfordringane og korleis kombinere omsyna til den enkelte med inkluderande opplæring som ramme.  

Faget spesialpedagogikk er konsentrert om å forstå og betre vilkåra for barn, unge og vaksne som møter ulike barrierar med konsekvensar for læring, utvikling og livsutfalding. Det er såleis eit svært viktig grunnlag for å planlegge, gjennomføre og vurdere lovpålagd  spesialpedagogisk hjelp i barnehagen og spesialundervisning i skulen. Studiefaget spesialpedagogikk gir også eit grunnlag for å forstå, utvikle og halde ved like inkluderande læringsmiljø og inkluderande opplæring for alle barn, unge og vaksne i barnehage og skule.  

Spesialpedagogikk er både eit vitskapsfag og eit profesjonsfag. Vitskapsfaget inneheld kunnskap og innsikt om fagfeltet som kjem fram i systematisk, metodisk og kritisk forsking. Profesjonsfaget byggjer så langt det er mogleg på vitskapsfaget, men også på relevante, etablerte og prøvde praksisbaserte erfaringar frå pedagogisk og spesialpedagogisk verksemd. Personale med spesialpedagogisk kompetanse kan bidra til å sikre kvaliteten i opplæringstilbodet til alle barn, unge og vaksne, men er særleg viktig for å sikre kvaliteten på opplæringstilbodet til barn, unge og vaksne med behov for ekstra tilretteleggingar i opplæringa.  Viktige føringar for dette er tidleg innsats, førebyggande arbeid, tilpassa og inkluderande opplæring og inkluderande læringsmiljø.  

Opptakskrav

1. Opptaksgrunnlaget til vidareutdanning i spesialpedagogikk er fullført grunnutdanning ved universitet eller høgskule av minimum tre års omfang (180 stp.) innanfor følgjande utdanningsvegar:  bestått minimum dei tre første åra i den fireårige grunnskulelærarutdanninga allmennlærarutdanning/grunnskulelærarutdanningbarnehagelærarutdanning/førskulelærarutdanningfaglærar med praktisk-pedagogisk utdanning innan yrkesfag eller allmennfag, faglærar med eigen bachelor eller yrkesfaglærar. 2. Søkjarar med fullført utdanning som barnevernspedagog, vernepleiar eller anna treårig relevant profesjonsutdanning, og som i tillegg har dokumentert pedagogisk praksis, kan takast opp etter særskild vurdering. 3. Det vert gjeve tilleggspoeng slik: eitt poeng pr. år inntil fem år for pedagogisk praksis frå barnehage, skule eller annan pedagogisk institusjon etter avslutta grunnutdanning. eitt poeng pr. 30 studiepoeng og inntil 3 poeng (90 studiepoeng) når søkjaren dokumenterer høgare utdanning ut over opptaksgrunnlaget.

Opptaksinformasjon

Søknadstype: Lokalt Høstopptak. Søknadskode: 4329

Utveksling

Det er opna for at studentane kan ta enkelte emne ved relevante miljø i utlandet. Studentane må sjølve ta initiativ til eit slikt opphald.

Alle utdanninger innen