Fakta
- Alle (primær)
- Alle (ordinær)
Informasjon er oppdatert av Høgskulen i Volda
.


Om studiet
Studentane skal gjennom studiet utvikle seg til sjølvstendige og skapande scenekunstnarar, gjennom arbeid i ensembler og åleine. Utdanninga er arbeidslivsrelevant og har etablert samarbeid med mange lokale, nasjonale og internasjonale institusjonar.
Kva lærer du?
Bachelor i skuespill og scenekunst er ei breiddeutdanning med seks emne i teaterproduksjon med ulike fokus. Vidare har studiet undervisning i teaterkunnskap, spel for kamera og voice acting. Siste semesteret vel du eit fagområde du vil fordjupe deg i gjennom kunstbasert forsking, og skapar di eige framsyning.
Alle studentar tek del i ei rekkje bransjedagar, felles grunnlagstrening, arbeidslivsrelevante prosjekt samt ”Husteater”. Prosjekta testar og utviklar studentane sine kreative og handverksmessige evner, i tillegg til samarbeidsevne. Høgskulen har eigne teaterlokale med blackbox og whitebox, kostyme- og scenografilager, eige lydstudio og verkstad.
Kva jobb kan eg få?
Vi har som mål å gi deg ei arbeidslivsrelevant utdanning og har difor etablert samarbeid med mange lokale, nasjonale og internasjonale institusjonar.
Teater og dramastudiet gir grunnlag for arbeid som:
- Scenekunstnar i det frie kulturlivet
- Teaterpedagog/Kulturskulelærar
- Forteljar
- Museumsformidlar
- Manusforfattar
- Stemmeskodespelar
- Filmskodespelar
MERK! Regjeringa går inn for å forlenge unntaket frå krav om mastergrad for opptak til Praktisk-pedagogisk utdanning (PPU), for søkarar med bachelor i praktiske og estetiske fag, fram til 2030. Du kan då bygge på bachelorgraden med PPU om du ønskjer undervisningskompetanse i skulen.
Følg oss gjerne på Facebook, Instagram eller TikTok!
Opptakskrav
Opptaksinformasjon
Utveksling
Det vert lagt til rette for utanlandsopphald på eit semester ved institusjonar i Norden, Europa, Amerika, Asia, Afrika eller Australia.