Fakta

Lærested:
Sted:
Høgskulen i Volda
Studietype:
Halvårs- og årsstudium
Studieform: Undervisning ved lærestedet
Studiepoeng:
5

Informasjon er oppdatert av Høgskulen i Volda

.

Om studiet

I dette emnet får du ein introduksjon til robotar i samfunnet og skulen, og om sentrale læringsteoriar på feltet. Vi legg og vekt på nyskaping, kreativitet og tverrfagleg aktivitet. Studieavgift 2 000 kr

Robotar i læringsarbeid (Educational robotics) er ei spanande undervisningsmetode som legg vekt på elevaktiv læring og praktiske erfaringar. Robotar nyttast særskilt i programmeringsundervisning, teknologi, matematikk og naturfag, men tematikken er også veldig relevant for kunst & handverk og læringsarbeid i skaparverkstad.

Studenten velg sjølv kva robot ein ynskjer å nytte i undervisninga, som til dømes Micro:bit og Bit:bot, Spike PRIME eller liknande. Emnet kan gjerne kombinerast med deltaking i robotkonkurransar som First Lego League eller Super:bit-kampen. Det er anbefalt å ha grunnleggande kunnskap i programmering, og i eksempel og øvingar vil vi nytte blokkbaserte programmeringsspråk.

Målgruppa er lærarar på mellomtrinnet, ungdomsskole og videregåande skole som ynskjer å utvikle eiga undervisning og få ny inspirasjon.

Som student får du tett fagleg oppfølging, og vi legg til rette for samarbeid og deling. Til eksamen leverer du ei eksamensmappe basert på arbeidskrava i emnet.

Studiet har ei studieavgift på 2 000 kr i tillegg til semesteravgift.

Opptakskrav

Fullført lærarutdanning

Opptaksinformasjon

Søknadstype: Lokalt Høstopptak. Søknadskode: 3858