Fakta
- Alle (primær)
- Alle (ordinær)
Informasjon er oppdatert av Høgskulen i Volda
.


Om studiet
Kva lærer du?Bachelorgraden i religion og kultur handlar om spørsmål som oppstår i samfunn prega av religiøst og kulturelt mangfald. Gjennom religions- og kulturstudium i historisk så vel som i aktuelt perspektiv vil studiet gi deg innsikt i dette. Studiet vil gi deg kunnskap til å forstå og kunne ta del i den generelle samfunnsdebatten.Studiet består av ulike emne på grunn- og fordjupingsnivå. På grunnivået inngår Examen philosophicum og eit kurs i vitskapleg oppgåveskriving. Du får grunnleggande kunnskap om religionar og livssyn og får fordjupe deg i temaområda religion og samfunn, og religion i media og populærkultur. På fordjupingsnivå får du moglegheit til å studere nærare tema knytta til interkulturell forståing, til livssynsdebatt eller til spiritualitet.Kva jobb kan du få?Studiet gir kompetanse for ulike former for arbeid i offentleg og privat sektor, mellom anna arbeid i bistandsorganisasjonar, integreringsarbeid og arbeid med flyktningar og asylsøkjarar. Utdanninga vil også vere relevant for arbeid i kultursektoren, mediebedrifter og forlag. Vil du bruke utdanninga i skuleverket, må du fullføre ei mastergrad og ta eittårig praktisk-pedagogisk utdanning (PPU), til dømes Master i kulturmøte ved Høgskulen i Volda. Utdanninga vil då kvalifisere for undervisning i Kristendom, religion, livssyn og etikk (KRLE) på mellomtrinnet og ungdomstrinnet i grunnskulen og i Religion og etikk (RE) i vidaregåande skule.