Fakta

Lærested:
Sted:
Høgskulen i Volda
Studietype:
Halvårs- og årsstudium
Studieform: Undervisning ved lærestedet
Studietempo: Deltid
Studiepoeng:
5

Informasjon er oppdatert av Høgskulen i Volda

.

Om studiet

Emnet gir innføring i programmering for bruk i musikkfaget i skulen. Ved å trekke linjene til musikkfaget sin teknologiske tradisjon, har faget som mål å kople det etablerte med det nye i musikkfaget etter LK20. Studentar kan velje å fordjupe seg i programmeringsmiljø og programmeringsspråk relevant for eigen praksis.Studieavgift Kr. 2.000,-.

Grunnleggande prinsipp i programmering vert introdusert både for å kunne oppleve, lage og utøve musikk. Emnet vil også kople didaktiske perspektiv frå programmering med didaktiske perspektiv frå musikkfaget og gjennom eit utviklingsarbeid vil studenten i emnet jobbe målretta med sin pedagogiske praksis. Studentar kan velje å fordjupe seg i programmeringsmiljø og programmeringsspråk relevant for eigen praksis (undervisningskontekst), t.d. tekstbaserte miljø for ungdomstrinn eller vidaregåande skule, blokkbaserte programmeringsmiljø eller programmering utan datamaskin for små- og mellomsteget i barneskulen.

Studiet har ei studieavgift på 2 000 kr i tillegg til semesteravgift.

Opptakskrav

Fullført lærarutdanning

Opptaksinformasjon

Søknadstype: Søk 1. november. Søknadskode: 4213