Fakta

Lærested:
Sted:
Høgskulen i Volda
Studietype:
Lavere nivå
Studietempo: Deltid
Studiepoeng:
5

Informasjon er oppdatert av Høgskulen i Volda

.

Om studiet

I både skule og barnehage treng dei tilsette praktiske ferdigheiter og didaktisk kunnskap for å kunne legge til rette for gode læringsprosessar som inkluderer programmering. I dette emnet utviklar studenten gradvis slike ferdigheiter og kunnskap med fokus på programmeringsverktøy og visuelle programmeringsspråk tilpassa barn i barnehagen og elevar i byrjinga av grunnskulen. Sentrale tema er algoritmisk tenking, programmering utan datamaskin og blokkprogrammering. I det praktiske arbeidet blir det gitt høve til å fokusere på ønska aldersgruppe og fagområde. Målgruppa for emnet er barnehagelærarar og lærarar på 1.- 4. trinn i grunnskulen. Studiet har tett fagleg oppfølging, framovermeldingar og gir høve til samarbeid eller individuelt læringsarbeid. Les meir i emneplan her.

Undervisningsopplegg

Det vert nytta problembaserte og studentaktive arbeidsformer, individuelt og i grupper. Arbeidsoppgaver vil vere praksisnære, og knytt til læring og undervisning. Emnet er organisert i nettleksjonar, øvingar og mappeoppgaver. Øvingar og mappeoppgaver vil dekkje både praktisk programmering, didaktisk refleksjon og programmeringa sin plass i leik og utforsking.

Opptaksinformasjon

Søknadstype: Lokalt opptak. Søknadskode: 3850

Anbefalt forhåndskunnskap

Fullført lærarutdanning