Har du fag-/sveinebrev eller ei profesjonsutdanning frå høgskule eller universitet? Praktisk-pedagogisk utdanning for yrkesfag (PPU-Y) er eit påbyggingsstudium som kvalifiserer til arbeid som lærar. Det betyr at du byggjer PPU-Y på kompetansen du allereie har, slik at du kan undervise i yrkesfaglege programområder i vidaregåande opplæring. Behovet for kompetente yrkesfaglærere er stort!Ønskar du meir informasjon om blant anna praksis eller har andre spørsmål om PPU? Det finn du her:Informasjonsside for Praktisk-pedagogisk utdanning (PPU)
PraksisStudenten skal ha to praksisperioder på 30 dagar i kvart semester, totalt 60 dagar praksis i løpet av studiet.Praksisopplæringa skal vere rettleia, vurdert og variert. Det betyr blant anna at du vil få oppnevnt ein eller fleire praksislærarar som skal følge deg i heile praksisperioda. I hovudsak vil ein få praksis på aktuelle yrkesfaglege områder, men minst 10 dagar skal vere på ungdomsskulen.Høgskulen i Volda har praksisskuleavtale med fleire skular i vår region, men andre skular i heile landet kan også vere aktuelle som praksisskular etter i konkret vurdering. Vi prøvar å skaffe praksisplassar i området der studenten bur, men nokre fagbakgrunnar må påregne litt lengere reiseveg. På grunn av ønske om kvalitetssikring og likt utbytte av praksis er det praksiskontoret ved HVO som avgjer kvar du skal ha praksis, men vi tek gjerne i mot forslag til praksisstad. Inntil 50% av praksis kan gjennomførast på eigen arbeidsplass, for dei som er i tilsetjingsforhold som lærar. For alle gjeld at ein i løpet av studiet også skal gjennomføre minimum 15 dagar samanhengande praksis ved ein annan skule enn der ein er tilsett. Meir informasjon om dette, og avtale vert gjort etter studiestart.I praksisperioden er det krav om 100 % oppmøte. Etter avtale med praksiskontoret er det mogleg å ha praksis på 2-3 dagar i veka og strekke praksisperioden over 12 veker i staden for 5 dagar per veke i 6 veker. Du må organisere deg (arbeid og livssituasjon) slik at du har høve til å gjennomføre praksisperioden i det aktuelle tidsrommet. Merk at det også er undervisning i praksisperioden, både digital og fysisk.