Fakta
Informasjon er oppdatert av Høgskulen i Volda
.


Om studiet
Praktisk-pedagogisk utdanning (PPU) allmennfag kvalifiserer deg til å vere lærar frå 5. klasse i grunnskulen og til og med vidaregåande. Utdanninga er også relevant i høve folkehøgskule, kulturskule eller andre opplæringsarenaer.
Praktisk pedagogisk utdanning (PPU) kvalifiserer deg til å vere lærar frå 5. klasse i grunnskulen og til og med vidaregåande. Utdanninga er også relevant i høve folkehøgskule, kulturskule eller andre opplæringsarenaer.
Praktisk pedagogisk utdanning er bygd opp med undervisning i pedagogikk, fagdidaktikk og praksis. Fagdidaktikken avheng av kva utdanningsbakgrunn du har frå før. Praksis er på totalt 60 dagar i både på ungdomssteg og vidaregåande skule
Ved Høgskulen i Volda kan ein ha fagdidaktikk innanfor:
- Musikk og scenekunst
- Kunst og handverk
- Kroppsøving og friluftsliv
- Religion og livssyn
- Samfunnsfag
- Norsk
- Engelsk/Framandspråk
- Realfag (matematikk/naturfaga)
- Mediefag
Ønskar du meir informasjon om blant anna praksis eller har andre spørsmål om PPU? Det finn du her:
Informasjonsside for Praktisk - pedagogisk utdanning (PPU)
Første studieår består avPedagogikk 1,Didaktikk 1og Praksis 1. Emna vert avslutta med ein felles tre dagars heimeeksamen. Praksis vert vurdert stått/ ikkje stått.
Andre studieår består avPedagogikk 2med ei semesteroppgåve og med munnleg eksamen.Didaktikk 2er det mappeeksamen, tilpassa ulike fag sine eigenartar.Praksis 2 vert vurdert stått/ ikkje stått.
Arbeidsformene i studiet er ein kombinasjon av forelesingar, gruppearbeid, presentasjon av studentane sitt arbeid i plenum, sjølvstudium og dialog i plenum.
I opptaksbrevet vil det gå fram om ein vert vurdert som eitt-fagleg eller to-fagleg, basert på utdanningsbakgrunnen din. Det er dette som avgjer kva fagdidaktikk du skal ha og kva arbeidskrav som høyrer til desse. Du skal også i utgangspunktet ha praksis i dei faga du har undervisningskompetanse i.
Alle emna har krav om 80% oppmøte på undervisningsaktivitetar.
Praksisperioda:
I løpet av januar-mars fyrste studieår og august-desember andre studieår skal du ha 6 veker med praksis i både ungdomskule og videregåande skule. Andre opplæringsarenaer som til dømes kulturskule, folkehøgskule eller vaksenopplæring kan også vere aktuelt etter ei individuell vurdering. Kvar student får ein eller fleire praksislærarar som er med i timane slik at praksis vert både rettleia og vurdert.
Studentar får vere med å påverke og kan hjelpe til med å finne praksisstad, men praksisstad og praksisopplegg skal godkjennast, og avtale skal gjerast direkte mellom praksiskoordinator ved HVO og praksisstad.
For studentar med tilsetjingsforhold i skulen kan inntil 50% av praksis gjennomførast på eigen arbeidsplass.
I praksisperioden er det krav om 100% oppmøte. Etter avtale med praksiskoordinator er det mogleg å ha praksis på 2-3 dagar i veka og strekke praksisperioden over 10 veker i staden for 5 dagar per veke i 6 veker. Du må organisere deg (arbeid og livssituasjon) slik at du har høve til å gjennomføre praksisperioden i det aktuelle tidsrommet. Merk at det også er undervisning i praksisperioden, både digital og fysisk.
Opptakskrav
Opptaksinformasjon
Utveksling
Delar av praksis kan etter avtale gjennomførast i utlandet. Høgskulen i Volda har eit stort internasjonalt nettverk og PPU har eit samarbeid med skular i Frankrike og Austerrike.