Fakta

Lærested:
Sted:
Høgskulen i Volda
Studietype:
Halvårs- og årsstudium
Studieform: Undervisning ved lærestedet
Studietempo: Heltid
Studiepoeng:
60
Søknadsfrist: 15. april

Informasjon er oppdatert av Høgskulen i Volda

.

Om studiet

Praktisk-pedagogisk utdanning (PPU) allmennfag kvalifiserer deg til å vere lærar frå 5. klasse i grunnskulen og til og med vidaregåande. Utdanninga er også relevant i høve folkehøgskule, kulturskule eller andre opplæringsarenaer.

Praktisk-pedagogisk utdanning (PPU) for allmenne fag gjer deg kvalifisert til læraryrket og for å undervise frå 5. klasse og oppover. Utdanninga er også relevant i høve folkehøgskule, kulturskule eller andre opplæringsarenaer. Du byggjer PPU på ei utdanning du har frå før, og som må innehalde minimum 60 stp i eitt fag du kan undervise i skulen med.  

Praktisk pedagogisk utdanning er bygd opp med undervisning i pedagogikk, fagdidaktikk og praksis. Fagdidaktikken avheng av kva utdanningsbakgrunn du har frå før. Praksis er på totalt 60 dagar i både på ungdomssteg og vidaregåande skule.

Høgskulen i Volda har fagdidaktisk tilbod innan:

  • Musikk og scenekunst
  • Kunst og handverk
  • Kroppsøving og friluftsliv
  • Religion og livssyn
  • Samfunnsfag
  • Norsk
  • Engelsk/Framandspråk
  • Realfag (matematikk og naturfaga)
  • Mediefag.

Ønskar du meir informasjon om blant anna praksis eller har andre spørsmål om PPU? Det finn du her:

Informasjonsside for Praktisk-pedagogisk utdanning (PPU)

Første studieår består avPedagogikk 1,Didaktikk 1og Praksis 1. Emna vert avslutta med ein felles tre dagars heimeeksamen. Praksis vert vurdert stått/ ikkje stått.

Andre studieår består avPedagogikk 2med ei semesteroppgåve og med munnleg eksamen.Didaktikk 2er det mappeeksamen, tilpassa ulike fag sine eigenartar.Praksis 2 vert vurdert stått/ ikkje stått.

Arbeidsformene i studiet er ein kombinasjon av forelesingar, gruppearbeid, presentasjon av studentane sitt arbeid i plenum, sjølvstudium og dialog i plenum.

I opptaksbrevet vil det gå fram om ein vert vurdert som eitt-fagleg eller to-fagleg, basert på utdanningsbakgrunnen din. Det er dette som avgjer kva fagdidaktikk du skal ha og kva arbeidskrav som høyrer til desse. Du skal også i utgangspunktet ha praksis i dei faga du har undervisningskompetanse i.

Alle emna har krav om 80% oppmøte på undervisningsaktivitetar.

Praksisperioda:

I løpet av studiet skal du ha to perioder 6 vekers praksis i både ungdomskule og videregåande skule, til saman 12 veker. Andre opplæringsarenaer som til dømes kulturskule, folkehøgskule eller voksenopplæring kan også vere aktuelt etter ei individuell vurdering. Kvar student får ein eller fleire praksislærarar som er med i alle timane og dermed skal sikre at praksis vert både veileda og vurdert.

Studentar får sjølve vere med på å påverke, og kan hjelpe til med å finne praksisstad, men praksisstad og praksisopplegg skal godkjennast, og avtale skal inngåast direkte mellom praksiskontoret ved HVO og praksisstad.  

For studentar med tilsetjingsforhold i skulen kan inntil 50% av praksis gjennomførast på eigen arbeidsplass. 

I praksisperioden er det krav om 100 % oppmøte. Du må organisere deg (arbeid og livssituasjon) slik at du har høve til å gjennomføre praksisperioden i det aktuelle tidsrommet. Du kan måtte pårekne noko lengere reiseveg til praksisskulen enn til undervisninga ellers.

Opptakskrav

Søkjarar til PPU allmennfag vert tekne opp på eitt av følgande grunnlag:ein mastergrad og minst eitt relevant undervisningsfag, i eller i tillegg til graden, som gir kompetanse til å undervise.ein bachelorgrad og minst eitt relevant undervisningsfag, i eller i tillegg til graden, som gir kompetanse til å undervise, og minst to års relevant arbeidserfaring frå grunnskolen eller den vidaregående skolen.ein bachelorgrad i utøvande eller skapande kunstfag, med minimum 180 studiepoeng i kunstfaget.ein bachelorgrad som gir kompetanse til å undervise i praktiske og/eller estetiske fag i grunnskulen. Det må inngå fordjuping i eitt praktisk-estetisk fag på minst 120 studiepoeng i eitt fag. Det er krav om snittkarakter C eller betre frå bachelorgraden (30 karakterpoeng).ein bachelorgrad i teiknspråk og tolking (døvetolkutdanning), med minst 80 studiepoeng i teiknspråk. Ein må i tillegg ha minimum 60 studiepoeng i eitt anna undervisningsfag. Det er krav om snittkarakter C eller betre fra bachelorgraden.Merk at strekpunkt 2 og 4 er unntaksreglar fram til og med oppstart hausten 2029.For å kunne bli tatt opp på PPU må ein ha minimum 60 studiepoeng i eit undervisningsfag der Høgskulen i Volda tilbyr relevant undervisning i didaktikk.Meir om opptak til PPU her på Spørsmål og svar. og i

Opptaksinformasjon

Søknadstype: Lokalt Høstopptak. Søknadskode: 4300

Utveksling

Det er til saman 12 veker praksis fordelt på to praksisperiodar, ein om hausten og ein om våren. Praksis vert i utgangspunktet i ungdomskule og videregåeande skule. Andre opplæringsarenaer som til dømes kulturskule, folkehøgskule eller voksenopplæring kan også vere aktuelt som ein del av praksisperioda etter ei individuell vurdering. Studentar får sjølve vere med på å påverke, og kan hjelpe til med å finne praksisstad, men praksisstad og praksisopplegg skal godkjennast, og avtale skal inngåast direkte mellom praksiskontoret ved Høgskulen i Volda og praksisstad. Dersom du ønskar å sjå korleis skolesystemet i andre land er er det mogleg å ta delar av praksis i utlandet, etter avtale med praksiskontoret. Høgskulen i Volda har eit stort internasjonalt nettverk og PPU i Volda samarbeider med to skular i Frankrike og Austerrike.

Alle utdanninger innen