Fakta
Informasjon er oppdatert av Høgskulen i Volda
.


Om studiet
Vidareutdanninga er profesjonsretta og skal gi barnehagelærarar og lærarar kompetanse til å kunne gjennomføre og utvikle opplæring i fleirspråklege og fleirkulturelle læringsmiljø – ein kompetanse det er stort behov for i skuleverket.
Studiet er tverrfagleg og skal gi deg teoretisk og didaktisk grunnlag for å handtere utfordringar og moglegheiter i den fleirspråklege og fleirkulturelle skulen og barnehagen. Du skal mellom anna få kunnskap om fleirspråklegheit, norsk i eit andrespråksperspektiv, andrespråkslæring og andrespråksundervisning. Kunnskap om samanhengar mellom kultur, språk, identitet og læring i fleirkulturelle utdanningskontekstar ein viktig del av studiet.
Dersom du er lærar som er innvilga økonomisk støtte frå UDIR og ynskjer prioritert opptak på dette emnet, må du laste opp dokumentasjon om dette i søknadsweb. Legg ved e-post eller kopi av brev frå UDIR.
Har du spørsmål om dette kan du kontakte EVU-koordinatorOle Frank Bakken.
Her finn du meir informasjon om økonomisk støtte til vidareutdanning gjennom UDIR: https://www.udir.no/kvalitet-og-kompetanse/kompetanseutvikling/videreutdanning/