Fakta

Lærested:
Sted:
Høgskulen i Volda
Studietype:
Halvårs- og årsstudium
Studieform: Undervisning ved lærestedet
Studietempo: Deltid
Studiepoeng:
60

Informasjon er oppdatert av Høgskulen i Volda

.

Om studiet

Er du lærar eller barnehagelærar og ønskjer å styrke kompetansen din i matematikk? Denne fleksible vidareutdanninga gir deg fagleg fordjuping og praktiske verktøy som du kan ta inn i klasserommet og bidra til å gjere matematikkfaget endå meir spennande for elevane dine.

Vidareutdanninga er delt inn i 12 emne på 5 studiepoeng kvar slik at du kan tilpasse omfanget av studiet til kvardagen din. Du søkjer opptak på heile studieprogrammet (60 studiepoeng), men du vel sjølv om du vil ta eitt, to eller tre emne per semester. Det er også mogleg å berre ta 5 studiepoeng og nøye seg med det. Dersom du tek tre emne per semester er du halvtidsstudent, og du kan oppnå 60 studiepoeng i løpet av to år. Dette vil gjere deg kvalifisert til å undervise i matematikk på grunnskulen, og det kan legge grunnlaget for ei masteroppgåve i matematikkdidaktikk.

Emneoversikt:

  • Utforsking i matematikkundervisning
  • Begynnaropplæring i matematikk
  • Programmering i matematikkundervisning
  • Abstraksjon og generalisering
  • Resonnering og argumentasjon
  • Problemløysing i matematikk
  • Representasjon og kommunikasjon
  • Digitale verktøy i matematikkundervisning
  • Tilpassa undervisning i matematikk
  • Modellering og anvendingar
  • Innføring i matematikkdidaktisk forsking
  • Matematikkvanskar
     

Fagleg innhald som gir verdi i klasserommet
Kvart emne fokuserer på sentrale tema i matematikkfaget og har tydeleg forankring i forsking og praksis. Du vil utvikle ferdigheiter som å analysere elevane sine tankar og uttrykk, bruke variasjon i undervisninga, og gjennomføre tilpassa opplæring. For deg som ønskjer å gå endå lenger, gir studiet ei plattform for å bidra til fagleg utvikling på eigen skule eller innanfor kommunen.

Opptakskrav

Lærarutdanning (grunnskulelærar, allmennlærar, førskulelærar, barnehagelærar, faglærar med PPU).

Opptaksinformasjon

Søknadstype: Lokalt Høstopptak. Søknadskode: 4216