Fakta

Lærested:
Sted:
Høgskulen i Volda
Studietype:
Lavere nivå
Studietempo: Deltid
Studiepoeng:
30

Informasjon er oppdatert av Høgskulen i Volda

25. april 2024.

Om studiet

Studiet er først og fremst retta mot deg som vil undervise i faget Mat og helse i grunnskulen. Ramma for studiet er mat- og helsefaget sine samfunnsoppgåver i arbeidet med å fremje god helse, sosial trivsel og utjamning av sosiale skilnader. Skulefaget Mat og helse er både eit teoretisk og praktisk fag, og du skal i samsvar med læreplanen lære å planlegge undervisning som tek vare på begge desse sidene av faget. I studiet vert det lagt vekt på at mat- og helselæraren er ein ressurs for arbeidet med mat og måltid i skulen.

Undervisningsopplegg

Studiet er sett saman av to emne på 15 studiepoeng. Undervisninga er organisert med fysiske samlingar på høgskulen kombinert med nettbasert undervisning. Undervisninga er ein kombinasjon av nettbaserte førelesingar, praktisk arbeid i kjøkkenet på høgskulen og heime, studentpresentasjonar, individuell oppgåveløysing og sjølvstudium. Detaljar vert kunngjort i semesterplanane for dei to emna. Arbeidskrav og vurderingsformer er nærare omtala i dei to emneplanane.

Opptaksinformasjon

Søknadstype: Lokalt opptak. Søknadskode: 4050

Anbefalt forhåndskunnskap

Fullført lærarutdanning eller tilsvarande

Alle utdanninger innen