Fakta
Informasjon er oppdatert av Høgskulen i Volda
.


Om studiet
For deg som er lærarar i grunn- og vidaregåande skule. Målsettinga er å sette læraren i stand til å vurdere om, når og korleis GenKI kan takast i bruk i samskriving for å støtte elevane si læring. Studentane får tett individuell fagleg oppfølging. Studieavgift 2 000 kr
Studiet har fire tema:
· Kunstig intelligens, profesjonsfagleg digital kompetanse og literacy
· Prosess-skriving som prinsipp og metode
· Samskrivingsaktivitetar med KI som støtte
· Samtalerobotar og samarbeidslæring
I det praktiske arbeidet vert det gitt høve til å fokusere på ønska aldersgruppe og fagområde. Øvingar og mappeoppgåver vil dekkje både praktisk arbeid med ulike KI-verktøy og didaktisk refleksjon.. Til eksamen leverer kvar student ei eksamensmappe basert på arbeidskrav ein jobbar med undervegs.
Studiet har ei studieavgift på 2 000 kr i tillegg til semesteravgift.