Fakta
Informasjon er oppdatert av Høgskulen i Volda
.


Om studiet
Dette emnet gir deg ei innføring i korleis kunstig intelligens (KI) kan brukast i formative vurderingsprosessar. Målgruppa for emnet er lærarar i grunn- og vidaregåande skule. Studieavgift 2 000 kr
Emnet skal gi deg innsikt i korleis KI kan støtte og påverke ulike vurderingsformer, inkludert skriftlege oppgåver, munnlege presentasjonar, praktiske oppgåver og gruppeprosjekt.
Målsettinga er å sette læraren i stand til å vurdere om, når og korleis KI kan takast i bruk i formative vurderingsprosessar, for å støtte opp under elevane si læring. Ved slutten av emnet skal studenten vere i stand til å vurdere relevansen av å ta i bruk KIverktøy i formativ vurdering, og integrere læringsfremjande bruk av KI i eigen undervisning.
I det praktiske arbeidet vert det gitt høve til å fokusere på ønska aldersgruppe og fagområde.
Studiet har tett fagleg oppfølging, framovermeldingar og gir høve til samarbeid eller individuelt læringsarbeid. Til eksamen leverer kvar student ei eksamensmappe, basert på arbeidskrav ein jobbar med undervegs.
Studiet har ei studieavgift på 2 000 kr i tillegg til semesteravgift.