Fakta

Lærested:
Sted:
Høgskulen i Volda
Studietype:
Halvårs- og årsstudium
Studieform: Undervisning ved lærestedet
Studiepoeng:
5

Informasjon er oppdatert av Høgskulen i Volda

.

Om studiet

Emnet gir ei innføring i kunstig intelligens (KI) og bruken av det i skulen. Det har som mål å setje lærarar i grunn- og vidaregåande skule i stand til å integrere KI i sin pedagogiske praksis. Studentane får tett fagleg oppfølging, framovermeldingar og gir høve til samarbeid eller individuelt læringsarbeid. Studieavgift Kr. 2.000,-.

Emnet dekker historia til KI, grunnleggjande prinsipp for maskinlæring og språkmodellar, og korleis desse teknologiane kan brukast i pedagogisk praksis. 

Det vert gitt ei innføring i etiske og juridiske implikasjonane av å bruke kunstig intelligens i utdanning, til dømes knytt til personvern, datasikkerheit, og skeivskapar (bias). Studentane skal vere i stand til å vurdere kvaliteten og relevansen av kunstig intelligens-verktøy for spesifikke pedagogiske formål, og integrere læringsfremjande bruk av KI i eigen undervisning og arbeidskvardag.

Studiet har ei studieavgift på 2 000 kr i tillegg til semesteravgift.

 

Opptakskrav

Fullført lærarutdanning.

Opptaksinformasjon

Søknadstype: Søk 1. november. Søknadskode: 4212