Fakta
- Alle (primær)
- Alle (ordinær)
Informasjon er oppdatert av Høgskulen i Volda
.


Om studiet
Kva lærer du?Du skal opparbeide deg ferdigheiter til å legge til rette for og gjennomføre helsefrejmmande og førebyggjande tiltak, med særleg vekt på fysisk aktivitet. Du får mellom anna kunnskap om prestasjonsutvikling, ernæring, ski og metode, helsefremjande arbeid og motivasjonspsykologi. Kva jobb kan du få?Studiet kvalifiserer deg for arbeid innanfor idrett- og kroppsøvingsfaget. Aktuelle arbeidsstader vil vere skuleverket, vaksenopplæring, kulturforvaltning, Forsvaret og private tiltak innanfor fritidssektoren. Utdanninga vil også gi grunnlag for arbeid innanfor førebyggjande helsearbeid og rehabilitering, og arbeid med born og unge med spesielle behov.Fullført bachelorgrad kvalifiserer for opptak på Praktisk-pedagogisk utdanning (PPU) som gir deg undervisningskompetanse i skulen. MERK! Regjeringa går inn for å forlenge unntaket frå krav om mastergrad for opptak til Praktisk-pedagogisk utdanning (PPU), for søkarar med bachelor i praktiske og estetiske fag, fram til 2030. Du kan då bygge på med PPU om du ønskjer undervisningskompetanse i skulen.Følg oss på <![CDATA[<a href="https://www.facebook.com/H%C3%B8gskulen-i-Volda-Idrett-1086441891484127/">Facebook</a>]]> og <![CDATA[<a href="https://www.instagram.com/idrett.hivolda/">Instagram</a>]]>!
Opptakskrav
Opptaksinformasjon
Utveksling
Studentane kan gjennomføre delar av studiet ved utdanningsinstitusjonar i utlandet.