Fakta
Informasjon er oppdatert av Høgskulen i Volda
.


Om studiet
Studiet er relevant for fagpersonar i ulike yrkesretningar innanfor skule- og barnehagesektoren, helse- og omsorgsektoren, eller andre yrker innan folkehelse. Det kan også vere relevant for deg som har personleg interesse for ernæring og helse.
For å oppnå ei god folkehelse, er det viktig å sikre eit godt kosthald i befolkninga. Ein føresetnad er då å sørge for god ernæringskompetanse. Ernæring og kosthald er eit viktig og aktuelt fagfelt, i eit samfunn med stor grad av ulike helseutfordringar som er ernæringsrelaterte.
Studiet gir ei grunnleggande innføring innan ernæringslære, og du vil lære kva kosthald som fremjar god helse og som førebyggjer ulike livsstilssjukdommar. Det vil vere særleg fokus på mellom anna funksjon, omsetnad, behov og utnytting av næringsstoff, nasjonale anbefalingar for kosthald og ernæring, ernæring i eit berekraftig perspektiv og kosthald i befolkninga i Norge – status, utvikling og trendar.