Fakta
Informasjon er oppdatert av Høgskulen i Volda
.


Om studiet
Kva potensial ligg i kunnskap om entreprenørskap, korleis kan idear realiserast, og kva må til for å etablere eit eige føretak? Studiet lærer deg korleis fagkompetanse din kan danne grunnlaget for di eiga verksemd og verdiskaping. Personleg utvikling og rolla som samfunnsbyggjar blir også vektlagt.
Entreprenørskap i kreative næringar eignar seg spesielt godt for deg som har utdanning innanfor praktiske fagområde knytt til medie- eller kulturfeltet.
Emnet gjev innføring innan hovudområda entreprenørskap og entreprenøren, idéutvikling og kreativitet og etablering og kommersialisering.