Fakta
Informasjon er oppdatert av Høgskulen i Volda
.


Om studiet
Nettstudiet har fokus på utvikling av ein kreativ og skapande digital praksis og kompetanse i barnehagen. Du skal lære å planlegge, praktisere, dokumentere og evaluere det digitale som del av det pedagogiske arbeidet.
Studiet skal gi deg forskingsbasert og praksisnær kompetanseutvikling, med eigen arbeidsplass som ein del av læringsarenaen. Du får høve til å utvikle eigne praktiske ferdigheiter og utvikle evna til å vurdere når og korleis digitale verktøy skal nyttast, i tillegg til utviklingutprøving, erfaringsdeling og evaluering i eige kollegium.
Dersom du er lærar som er innvilga økonomisk støtte frå UDIR og ynskjer prioritert opptak på dette emnet, må du laste opp dokumentasjon om dette i søknadsweb. Legg ved e-post eller kopi av brev frå UDIR.
Har du spørsmål om dette kan du kontakte EVU-koordinatorOle Frank Bakken.
Her finn du meir informasjon om økonomisk støtte til vidareutdanning gjennom UDIR: https://www.udir.no/kvalitet-og-kompetanse/kompetanseutvikling/videreutdanning/