Fakta
Informasjon er oppdatert av Høgskulen i Volda
.


Om studiet
Kva lærer du?Gjennom utdanninga skal studenten tileigne seg kunnskapar og ferdigheiter som kvalifiserer for utøvinga av barnehagelæraryrket. Målet er å utdanne ansvarlege, handlekraftige og reflekterte barnehagelærarar. Det vert lagt vekt på at det er viktig med samarbeid, forståing og dialog med heimen til barnet og andre instansar med ansvar for barns oppvekst. Barnehagelærarutdanninga skal vere med å bidra til inkluderande praksis i barnehagen. Pedagogikken i barnehagen handlar om å kunne legge til rette for at alle barn i barnehagen, uansett alder og bakgrunn, skal oppleve å leike, undre seg og lære ut frå eigne føresetnader.Kva jobb kan du få?Utdanninga kvalifiserer deg for å jobbe som pedagogisk leiar og styrar i barnehage. Andre aktuelle arbeidsplassar er døgninstitusjonar for barn, skulefritidsordningar og offentleg administrasjon. Kompetansen du får innanfor pedagogikk og leiing er også etterspurt i mange andre yrke. Med 60 studiepoeng vidareutdanning i fag retta mot undervisning i småskulen eller minst 60 studiepoeng spesialpedagogikk blir du også kvalifisert for arbeid i 1. til 4. klasse i grunnskulen.
Opptakskrav
Opptaksinformasjon
Utveksling
I det tredje studieår vil det bli lagt til rette for eit internasjonalt semester ved ein institusjon som Høgskulen i Volda har samarbeid med.