Fakta

Studietype:
Enkeltemne
Studieform: Undervisning ved lærestedet, nettstudium, samlingsbasert
Pris:

Pris på heimesida.

Studiepoeng:
30

Informasjon oppdatert

3. juli 2025.

Om studiet

Korleis dyrka mat, lagra karbon og byggja natur i ei og same handling?

Framtida sin matproduksjon må byggja på naturen sine eigne produktive krefter. Det utrulege økosystemet i matjorda representerer ein fantastisk ressurs for nyskaping innanfor landbruk og samfunnsutvikling.

I kurset Regenerativt landbruk (30 stp.) utforskar me desse utviklingspotensiala. Me tek opp samspelet mellom menneske og dei mangfelte naturressursane i landbrukslandskapet, og går inn på alt frå konkrete driftsteknikkar for å støtta opp under og fremja naturmangfald til heilskapleg planlegging og forvalting.

Kurset byggjer på grunntankane i Jordboka, Jordboka II og Kompostboka av Dag Jørund Lønning, og er eit produkt av HGUt si særlege satsing på naturnære metodar/regenerativt landbruk. Kurset består av seks samlingar. Ei av samlingane er praksissamlinga på eit regenerativt gardsbruk.  Her blir det fokus på regenerative dyrkingsteknikkar og salsmodellar.

Kurset inngår i BA i nyskaping og regenerativ utvikling men kan også takast som sjølvstendig emne.