Fakta
35000
Informasjon oppdatert
19. januar 2023.


Om studiet
Framtida sin matproduksjon må byggja på naturen sine eigne produktive krefter. Det utrulege økosystemet i matjorda representerer ein utruleg ressurs for nyskaping innanfor landbruk og bygdenæringar. Den nye kunnskapen om molda utfordrar etablerte «sanningar» om at større og større driftseiningar er einaste farbare veg framover.
I kurset Regenerativt landbruk utforskar me dette utviklingspotensialet, og potensiala det gir både for ny næringsutvikling i landbruket og for lokalsamfunnsutvikling. Me tek opp samspelet mellom menneske og dei mangfelte naturressursane i landbrukslandskapet, og går inn på alt frå konkrete driftsteknikkar for å støtta opp under og fremja naturmangfald til heilskapleg planlegging og forvalting samt nyskapande forretningsmodellar som er særleg tilpassa småskala naturnær drift.
Kurset byggjer på grunntankane i Jordboka av Dag Jørund Lønning, og er eit produkt av HUGUt si særlege satsing på naturnære metodar/regenerativt landbruk. Sentralt i kurset er studietur til California og Singing Frogs Farm, ein av verdas mest produktive småbruk.