Nøkkelinformasjon

Lærestedets logo
Lærestedets logo

Studiested

Høgskulen for grøn utvikling Bryne

Nivå

Årsenhet og kortere

Studiepoeng

60

Kostnader

43500

Studieform

Samlingsbasert

Studietempo

Heltid, deltid

Om studiet

Studiet Nyskaping og utviklingsarbeid handlar om å skapa verdiar - sosiale, kulturelle og økonomiske.

Kurset handlar om å skapa verdiar – sosiale, kulturelle og økonomiske – utan å øydeleggja natur. Det handlar om:

  • Det skapande mennesket
  • Livskvalitet
  • Kreativitet
  • Ressursidentifikasjon og ressursutvikling
  • Natur- og kulturbasert utvikling
  • Stadutvikling
  • Samskaping og nettverksskaping
  • Korleis bruka lokale ressursar på nye måtar
  • Regenerativ samfunnsutvikling – det naturnære menneskesamfunnet

Det er nye idear og satsingar som endrar verda og skaper framtida. Gjennom årsstudiet Nyskaping og utviklingsarbeid lærer du å verkeleggjera idear og å sjå med nye auge på dine eigne omgivnader: Kan me bruka ressursane våre på nye måtar? Kan eg utvikla verksemda mi vidare? Eller kanskje ønskjer eg å starta ny verksemd basert på garden/staden sine særpreg? Korleis mobilisera for gode idear og livskraftige, regenerative lokalsamfunn?

Faget har relevans for alle som arbeider med utvikling, både i næring, kultur- og organisasjonsliv og i offentleg sektor.

Studiet vil vera med å gje

  • Auka innsikt og forståing i verdiskaping (sosial, kulturell og økonomisk) og kreativitet.
  • Kunnskap om korleis stader og lokalsamfunn kan endrast nedanfrå.
  • Personleg utvikling; handlekraft, vågemot, åpenheit, bevisstgjering av eigne evner og eige rom til å skapa, nysgjerrigheit og det å sjå nye samanhengar.

Studieplanen er delt inn i to kurs, det eine på 30 stp og det andre på 10 + 20 stp:

  • NY 1: Nyskaping, endring og utvikling (30 stp)
  • NY 2:
  • Prosjektskildring (10 stp)
  • Utviklings-/BA-oppgåve (20 stp)

Ny 1 består av seks samlingar. Ei av samlingane er praksisveke på verdas største mat- og reiselivsmesse, Grüne Woche i Tyskland. Les meir om praksisvekene her.

Ny 2 består av ei full og to halve samlingar. Resten er individuelt arbeid med oppgåver. Studenten får full rettleiing i arbeidet. NY 2 har ikkje praksisveke.

Studiets oppbygging

Studieplanen er delt inn i tre fagområde:

  • Nyskaping, entreprenørskap og kreativitet (30 stp)

  • Utviklings-/BA-oppgåve (30 stp)