Nøkkelinformasjon

Om studiet

Opplev meistring og vennskap på Bratt-linja! Ski, snowboard og frikøyring i park og bakke med vestlandets største alpinsenter rett i nærleiken. Det handlar om å ha det gøy og utfordre seg sjølv!

Voss er eit ekte vintereldorado med rå fjell, utfordrande bakkar og to alpinanlegg rett i nærleiken. Her får du kjenne på friheit og meistring på ski og brett – i parken, i bakken og på urørte frikøyringslinjer med pudder. Fokuset vårt er enkelt: meistring, moro og vennskap. Som elev får du årskort i to av dei beste anlegga i Noreg, slik at du kan køyre så mykje du vil. Vi drar til Alpene på studietur i 14 dagar!

Dette gjer vi

  • Heisbasert køyring i Myrkdalen og Voss Resort (årskort er inkludert).
  • Utforske frikøyringslinjer og jakte på pudder
  • Leke oss med hopp og rails i terrengparken
  • Lære kiting på snø over to dagar
  • Dødsing både innendørs og utendørs
  • Klatring
  • Stisykling
  • Rafting i Europas beste elver
  • Fallskjermhopp

Her er vi

  • Voss resort - Vestlandets største skianlegg
  • Myrkdalen - Puddermekka
  • Bergen på klatring (inne og ute)
  • Alpene

Dette lærer du

  • Utvikle din personlege stil, teknikk og tryggleik på ski eller snowboard
  • Få personleg rettleiing som løftar ferdigheitene dine, uansett om du er nybyrjar eller erfaren
  • Park og Frikjøring
  • Dødsing
  • Klatring (brattkort)
  • Kiting
  • Preski: trening, yoga, massasje

Opptak til studiet

Folkehøgskolene starter opptaket 15. november hvert år.