Nøkkelinformasjon
Om studiet
Vestlandet byr på eit hav av freistingar. Her er det skikkelig uvêr og det bles nordavind frå alle kantar. Heldigvis! Då er du på rett plass!
Det merkar du når du surfar di fyrste grøne bølgje i Hoddevika, eller tek på våtdrakta og fridykkar ned i ei ny verd. På vindfulle dagar får du friske opplevingar i seglbåt eller i ein RIB med 300 hestekrefter. På godversdagar venter stuping, fiskeskøyte, vannski, wakebord, ein tredagers kajakk-ekspedisjon og mykje meir.
På vinteren får du snø, masse snø! Det blir toppturar i kvasse vestlandsfjell som stuper rett ned i havet. Det gir skiglede i urørte fjellsider. Du får også skredopplæring, snøholetur og mange dagar med kjøring i skianlegg.
På fritida har du tilgong til eit stort treningssenter 50m frå skulen. Dette, og byens badeland og klatrehall, kan du bruke så mykje du vil for 250 kroner for et halvt skuleår.
Det er på slike dagar du tenker: For eit år det kjem til å
bli!
Fortsatt nysgjerrig? Les meir om linja her.
Det meste av det beste
Strandafjellet
skisenter | Surfing i Hoddevika | «Oppdrag Hjørundfjorden» |
Segling | Fjellturar/toppturar | Kajakkekspedisjon | «Møte med
det ukjente» | Fridykking | Bålprat | Pudderjakt |
Elv-/grottevandring | Ski/snowboard | Fisketur | Sunnmørsalpane |
Klippehopping | Vannsport | Solodøgn
Info om halvårskurs
For mange kan det vere
vanskeleg å få til eit heilt år på folkehøgskule, enten på grunn
av militærteneste, lærlingplass, studiar eller jobb. Då kan eit
halvårskurs vere ei glimrande løysing. Det er også greitt å vite
at du får støtte frå Lånekassen til eit halvårskurs.