Nøkkelinformasjon
Om studiet
Vil du spele volleyball? Gjennom trening, kampar og turneringar ønskar vi at du skal få kjenne på idrettsglede, samhold og meistring.
Kven er vi?
Volleyballinja er størst og eldst i sitt slag i Norge. Mange av dagens elitespelarar har vore elevar hos oss. Vi skal spele i 2.divisjon og delta på ulike turneringar. Sunnfjord Folkehøgskule er kjent for å ha eit av dei mest høglytte og entusiastiske volleyballmiljøa i Norge.
Kva forventar vi av deg? På Volleyball-linja
forventar vi at du ønskjer å utvikle dine ferdigheiter og
kunnskap om volleyball. Det vert høg treningsbelastning og ein
hektisk kvardag. Vi er ikkje opptatt av kva nivå du har i dag.
Hos oss er alle velkomne uansett erfaring! Volleyballinja har
profesjonelle trenarar som har lang erfaring med å tilpasse
trening til ulike nivå. Idrettsglede, og meistring er
sentralt i alt vi gjer. Vår visjon er ikkje kun å undervise i
volleyball, men å inspirere, motivere, å utvikle menneske både på
og utanfor bana. Med andre ord: Menneske først, så volleyball.
Damelag og herrelag
I seriespel og på turneringar spelar gutar og jenter kvar for
seg, men i treningskvardagen trenar vi ofte saman eller ved sidan
av kvarandre. Vår erfaring er at dette skapar godt samhold og eit
rikare miljø. "The Sunnfjord Spirit" «The
Sunnfjord Spirit» er ei kraft som vert skapt ved at vi står saman
og dreg i same retning. På Sunnfjord er vi kvarandre sine
tilhengarar. Vi heiar på kvarandre både på bana og i livet.
«The Sunnfjordspirit» har avgjort mange jamne volleyballkampar!
Fotograf Nigel Boyce: