Nøkkelinformasjon
Om studiet
Er du interessert i volleyball, men det frister også med action og eventyr? Du trenger ikke å velge bort noe, for på Volleyball Adventure får du det beste av begge deler!
Volleyball Adventure passar for deg som er allsidig og som er på jakt etter eit variert år!
Saman med volleyball-linjene skal vi fylle kvardagane med profesjonelle treningar, slik at du kan utvikle deg som volleyballspelar – uansett kor mykje erfaring du har fra før. Vår visjon er ikkje kun å undervise i volleyball, men å inspirere, motivere og utvikle menneske både på og utanfor bana.
I tillegg til å tilbringe tid i hallen, skal vi også utforske alt det vakre vestlandet har å by på gjennom actionfylte og eventyrlige turar! Sjå for deg å nyte morgonkaffien i soloppgang på ein fjelltopp, kjenne adrenalinet i kroppen når du utfordrar deg på ein heilt ny måte, eller gleda av å dele dagens morsomaste historie rundt bålet før dykk skal overnatte under åpen stjernehimmel. Volleyball Adventure står for: Idrettsglede, meistring, fellesskapsfølelse og vennskapsbånd for livet!