Nøkkelinformasjon

Om studiet

Muskallinja - scena er di! Du får proff undervisning i song, teater og dans, Du får sette opp forestillingar på små og store scener. Workshops i New York og London. Lærar med internasjonal erfaring.

Tenk deg at du står på scena saman med mange andre, musikken løfter rommet, du syng, dansar og mottar applaus frå publikum! Eller kanskje du sat som publikummar med gåsehud og tenkte «det der vil eg også vere en del av!» eller kanskje du leitar etter ein måte å uttrykkje deg på og brenn for å fortelje viktige historier? Då er Musikal Teater perfekt for akkurat deg, for her er det plass til alle uansett erfaring! 

Du få vere med å sette opp ein fullskala musikal for stort publikum, saman med resten av skulen. 

  • Her får du profesjonell undervisning i song, teater, forteljarkunst og dans.
  • Vi førebur deg til vidare utdanning innan musikal-teater og teater.
  • Vi har forestillingar på linja som vi reiser på turné med, og vi har felles musikal for heile skulen.
  • Vi ser forestillinger i inn- og utland
  • Det blir workshops med profesjonelle musikalartistar, regissørar og koreografar i London. 
  • Workshop med kjende regissørar og musikalartistar på skulen.
  • Du får utvikle deg som songar, dansar, forteljar og skodespelar i løpet av eitt helt år. 
  • Studietur til London. Regissørar og koreografar som jobbar med kjende musikalar og artistar.

Sunnfjord Folkehøgskole  baserer si teaterundervisning på Meisner Technique, ein kjend amerikansk metode for skodespelarutdanning.

På musikal-linja lærer du song, dans og teater, og du får tid til å fokusere på teknikk og formidling.Du vil få tilbod om å ta individuelle timar i song. Noko av undervisninga vil skje saman med danselinja på skulen.

Opptak til studiet

Folkehøgskolene starter opptaket 1. februar hvert år.