Nøkkelinformasjon

Om studiet

På Cosplay på Møre handlar alt om kostyme og rollespel! Vi samarbeider tett med linjene for Animasjon og Design & Redesign og skaper eit unikt miljø på skulen!

På Cosplaylinja får du lage dine eigne kostymer! Om du kan mykje eller lite frå før spelar inga rolle. Vi tek tak i deg der du er og saman skaper vi den verda du lever i dette året! Linja er ny i år og du vil i stor grad kunne vere med og forme korleis desse månadane skal bli både for deg og alle som kjem etter i dei komande åra!

Samarbeidet med "Animasjon" gir oss tilgang til masse kompetanse innanfor film og foto. Og det kan no vere greitt å ha den type minne etter dette året også? "Design & Redesign" er suverene på å teikne først og så skape etterpå. Berekraft er viktig for oss på Møre folkehøgskule og dette blir også eit viktig tema på denne linja. Samarbeidet med "Design & Redesign" er midt i blinken for å sikre at nyskaping og gjenbruk går hand i hand!

Cosplay er både heil- og halvårslinje. For å få den heile gode folkehøgskulepopplevinga tilrår vi sjølvsagt at du går heile skuleåret hos oss! Men om dette ikkje passar kan du, viss der er plass, også vere med berre på vårhalvåret!

Studieturen er på våren og går til Japan og kanskje også til andre stadar i Asia. Vi reiser saman med dei vi kjenner frå Animasjon og Design & Redesign og får ei fantastisk oppleving saman!

Opptak til studiet

Folkehøgskolene starter opptaket 1. februar hvert år.