Nøkkelinformasjon
Om studiet
Rytmisk linje omfattar hjå oss uttrykk som fell inn under sjangeren kalla "Rytmisk Musikk" Me tilbyr fordjupningsfag innan: Artist og låtskrivar, Band, Hiphop og Musikkproduksjon.
Artist og låtskrivar - Vår 26: Personleg uttrykk, vokal, samspel/scene/studio
Som elev på Artist og låtskrivar arbeider du med å dyrka fram di personlege stemme og ditt uttrykk. Du frontar band, er korist, syng i vokalgruppe og solo. Saman med Band og Musikkproduksjon gjer du studioinnspelingar og konsertar.
Band - Vår 26: Samspel, ulike stilartar, scene og studio
På bandlinja er det fokus på samspel, musikkformidling og låtskriving. Du får mange høve til å opptre framfor publikum, både på skulen og utanfor. På Manger møter du ungdom med bakgrunn frå ulike sjangrar, med ulike inspirasjonskjelder og gode basisferdigheiter på instrumentet sitt.
Hiphop - Vår 26: Rap/beats, personleg uttrykk, samspel.
Bli med i eit miljø saman med andre musikarar, vokalistar, låtskrivarar og produsentar frå linjene Artist og låtskrivar, Musikkproduksjon og Band: scene og studio. Kombinasjonen av linjene resulterer i eit kreativt miljø der arbeid i studio og øvingsrom er ein naturleg del av kvardagen.
Musikkproduksjon - Vår 26: Beats, lydteknikk live lyd, samspel/scene/studio
Musikkproduksjon handlar om å laga og produsera musikk. I skulen sine studio har du tilgang til profesjonelt utstyr og fasilitetar med store og gode innspelingsrom. Mykje av undervisninga går føre seg via praktisk «hands-on» jobbing i studio der du lærer lyd- og musikkproduksjon.