Nøkkelinformasjon

Om studiet

Lag låtar og beats! Bli kjent med software, teknikkar og metodar! Me gler oss til å visa deg det profesjonelle utstyret vårt og gjera deg kjent med god lyd. Har du ein musikkprodusent i magen?

Dette er er eit halvtårskurs for deg som ventar på å starte i militæret, har nettopp vore der eller har eit ledig halvår du ikkje har lagt planar for.

Kva skjer frå ein får ein melodi i hovudet til ein fiks ferdig låt strøymer frå høgtalaren? Kva skal til for å styra spakane i eit lydstudio eller på ein konsert? På linja Musikkproduksjon får du svar, teoretisk ballast og rikeleg med erfaring frå skulen sine studio.

Musikkproduksjon er eit fordjupningfag innan Rytmisk linje - Haust 25.

Musikkproduksjon handlar om å laga og produsera musikk. I skulen sine studio har du tilgang til profesjonelt utstyr og fasilitetar med store og gode innspelingsrom.

Mykje av undervisninga går føre seg via praktisk «hands-on» jobbing i studio der du lærer lyd- og musikkproduksjon – oftare med ein mikrofon i handa enn ein blyant. Innanfor dette fagfeltet er det viktig å eksperimentera, både med software, ulike mikrofonar og plasseringar, produksjonsteknikkar og -metodar. Skulen bruker bransjestandard programvare fra Universal Audio, Slate Digital, Fabfilter, Xfer, Softube, Waves, Sonnox, Spectrasonics og Native Instruments.

Vi tar for oss heile prosessen:

  • lage låtar og beats
  • produksjon og arrangement
  • innspeling og redigering
  • miksing og mastering

På timeplanen står og fag som:

  • Musikkorientering
  • Høyrelære
  • Låtskriving
  • Musikkteori
  • Individuelle timar på instrument/produksjon

Opptak til studiet

Folkehøgskolene starter opptaket 15. november hvert år.