Nøkkelinformasjon
Om studiet
Lag låtar og beats! Bli kjent med software, teknikkar og metodar! Me gler oss til å visa deg det profesjonelle utstyret vårt og gjera deg kjent med god lyd. Har du ein musikkprodusent i magen?
Kva skjer frå ein får ein melodi i hovudet til ein fiks ferdig låt strøymer frå høgtalaren? Kva skal til for å styra spakane i eit lydstudio eller på ein konsert? På linja Musikkproduksjon får du svar, teoretisk ballast og rikeleg med erfaring frå skulen sine studio.
Musikkproduksjon er eit fordjupningfag innan Rytmisk linje.
Musikkproduksjon handlar om å laga og produsera
musikk. I skulen sine studio har du tilgang til
profesjonelt utstyr og fasilitetar med store og gode
innspelingsrom.
Mykje av undervisninga går føre seg via praktisk
«hands-on» jobbing i studio der du lærer lyd- og
musikkproduksjon – oftare med ein mikrofon i handa enn ein
blyant. Innanfor dette fagfeltet er det viktig å eksperimentera,
både med software, ulike mikrofonar og plasseringar,
produksjonsteknikkar og -metodar. Skulen bruker bransjestandard
programvare fra Universal Audio, Slate Digital,
Fabfilter, Xfer, Softube, Waves, Sonnox, Spectrasonics og Native
Instruments.
Vi tar for oss heile prosessen:
- lage låtar og beats
- produksjon og arrangement
- innspeling og redigering
- miksing og mastering
På timeplanen står og fag som:
- Musikkorientering
- Høyrelære
- Låtskriving
- Musikkteori
- Individuelle timar på instrument/produksjon