Nøkkelinformasjon
Om studiet
Samspel og lagspel er stikkord på bandlinja vår. Her får du bryne deg på både instrument og bandmedlemmar. Prøv deg på scena framfor publikum, i studio og som låtskrivar!
Dette er er eit halvtårskurs for deg som ventar på å starte i militæret, har nettopp vore der eller har eit ledig halvår du ikkje har lagt planar for.
Få deg eit Band!
Har du ambisjonar og godt gehør – eller ein av delane – men manglar band? Ta med deg instrumentet ditt og musikkstilen din, og bli betre i begge delar. Du får prøva deg både på scenekanten og i studio. Manger er ein kreativ plass, og musikken stilnar ikkje sjølv om skuledagen er over.
Linja Band er eit fordjupningsfag innan Rytmisk linje - Vår 26.
På linja er det fokus på samspel, musikkformidling
og låtskriving. Du får mange høve til
å opptre framfor publikum, både på skulen
og utanfor. På Manger møter du ungdom med bakgrunn frå
ulike sjangrar, med ulike inspirasjonskjelder og gode
basisferdigheiter på instrumentet sitt.
I skulen sine studio spelar du inn eigne eller andre sine låtar saman med elevane på Artist & låtskrivar, Hiphop og Musikkproduksjon. Desse linjene samarbeider tett. Hovudfokuset er på låtskriving, øving, konsertar og innspeling i studio. I tillegg får du individuelle timar på hovudinstrumentet ditt og undervisning i musikkteori og høyrelære. Våre arbeidsmetodar set deg som elev i reelle situasjonar og gjev deg eit godt fundament for å forstå prosessane i bransjen.
Du har tilgang til flotte fasilitetar, profesjonelt utstyr og ein lærarstab som utfyller kvarandre på alle fagfelt.