Nøkkelinformasjon
Om studiet
I øvingsrommet, på scena og i studio får du skrive, formidle, syngje og dyrke fram ditt uttrykk. Bli med i eit kreativt miljø saman med andre musikarar, vokalistar, låtskrivarar og produsentar.
Dette er er eit halvtårskurs for deg som ventar på å starte i militæret, har nettopp vore der eller har eit ledig halvår du ikkje har lagt planar for.
Me vil utvikla talentet ditt som vokalist: med band, som solist, på scena og i studio. I tett samarbeid med elevane på Band og Musikkproduksjon tar du del i eit kreativt miljø der låtskriving, konsertar og studioinnspeling er ein naturleg del av kvardagen.
Linja Artist og låtskrivar er eit fordjupningsfag innan Rytmisk linje - Vår 26.
Som elev arbeider du med å dyrka fram di personlege
stemme og ditt uttrykk. Du frontar band, er
korist, syng i vokalgruppe og solo. Saman med Band og
Musikkproduksjon gjer
du studioinnspelingar og konsertar.
Låtskriving er ein naturleg del av det å uttrykkja seg vokalt og har høg prioritet hjå oss. På Manger går du gjennom heile prosessen frå idé til ferdig produkt i studio og på scena.