Nøkkelinformasjon
Om studiet
Vil du lage musikkvideo, skrive filmmusikk, ta gode bilder, lage innhald til sosiale medier? Lær deg å bruke profesjonelt utstyr, lær å redigere bilde, video og musikk, lær deg medieproduksjon.
Dette er er eit halvtårskurs for deg som ventar på å starte i militæret, har nettopp vore der eller har eit ledig halvår du ikkje har lagt planer for.
Ser du for deg bilder, video eller kunst når du høyrer musikk eller les ein tekst? Eller høyrer du musikk når du ser bilder osv.? Ynskjer du å laga ein musikkvideo? Vil du laga livestream av konsertar eller framsyningar? Vil du realisere ditt eige uttrykk? Eller trivast du best med å tolke andre sine draumar og tankar? Vil du skrive filmmusikk?
På linja Musikk og media kan du læra nettopp
dette, enten du er foran eller bak kamera. Du kan fordjupe deg i
Filmmusikk Haust-25 eller Medieproduksjon Haust-25.
Du får innføring i musikkteori,
komponering, musikkteknikk,
lyd til film, foto- og videoteknikk,
filmredigering, dramarturgi og sosiale medier mm.
Gjennom tett samarbeid med våre andre linjer får du jobbe med
artistar, produsentar og komponistar med å skape og utvikle både
image og produkt.
Timeplanen gir rom for mykje praktisk arbeid der du planlegg, gjennomfører og sluttfører dine eigne prosjekt.
Du får vera med på å produsere skulen si prosjektveke, ta bilder og opptak av konsertar, laga musikkvideoar, og eigne prosjekt.
Kreativitet, skaparglede og ekte opplevingar.
Me har starta eit samarbeid med filmkomponist, Morten Rognskog, som vil vera gjestelærar på skulen.