Nøkkelinformasjon

Om studiet

Drøymer du om å laga musikk til film? Vil du læra meir om komposisjon, og samanhengen mellom musikk og film? Kanskje er du interessert å laga musikk til andre visuelle medium, kanskje spel?

Filmmusikk er eit fordjupningsfag innan Musikk og media. Du kan fordjupa deg i kunsten å laga filmmusikk, musikk til film/videoprosjekt eller noko anna du ønskjer laga ein musikk opplevning til. 

Me har fleire spennande musikklinjer på skulen og legg stor vekt på samarbeid mellom linjene. Me har felles undervisning når det er relevant og samarbeider ofte på tvers av linjene. Hos oss er er det mange moglegheiter for musikalsk og filmatisk utfoldelse ut i frå dine interesser.

Dei musikalske interessene dine er viktig for oss, du vil få mykje tid til å jobba i den retninga du sjølv ønskjer, også i samarbeid med andre.
Timeplanen gir rom for mykje praktisk arbeid der du planlegg, gjennomfører og sluttfører dine eigne prosjekt. 

Opptak til studiet

Folkehøgskolene starter opptaket 1. februar hvert år.