Nøkkelinformasjon

Logo Fagskulen Vestland
Logo Fagskulen Vestland

Lærested

Studiested

Førde

Nivå

Fagskolestudium

Studiepoeng

10.0

Semester

1

Studieform

Nettstudium, samlingsbasert

Studietempo

Deltid

Søknadsfrist

1. februar

Oppstartsdato

6. mars

Godkjenninger

  • Nokut

Om studiet

Byggebransjen har eit stort behov for fagfolk for å møte krav til berekraftig forbruk av ressursar. Ta 10 studiepoeng innan det høgaktuelle fagfeltet sirkulær økonomi og ombruk.

Bransjeprogrammet Sirkulær økonomi og ombruk gjev deg kunnskap om reduksjon, ombruk, gjenvinning og utnytting av dei enkelte byggematerialane, og av heile bygget ved rehabilitering. Du får mellom anna kunnskap om innovative byggemetodar og teknologiar.

Undervisningsopplegg

Kursmodulen er samlingsbasert med tre samlingar. To digitale samlingar og ei med fysisk oppmøte. 

Opptakskrav

Du kan søke studieplass dersom du har

  • fullført og bestått vidaregåande opplæring med relevant fagbrev i
    • betongfaget
    • byggdriftarfaget
    • feiarfaget
    • glasfaget
    • pumpefaget
    • murarfaget
    • røyrleggarfaget
    • tekkjarfaget
    • trelastfaget
    • trevare- og bygginnreiingsfaget
    • tømrarfaget
    • ventilasjons- og blekkslagarfaget
    • isolatørfaget
  • realkompetanse

Karrieremuligheter

Du får kompetanse i ombrukskartlegging. Du får strategiar for å optimalisere ressursutnytting, avfallsreduksjon og materialgjenvinning, og vil kunne vurdere miljøpåverknaden av ulike byggemetodar og materialar. Kurset gir deg forståing for kost og nytte i vurdering av ombruk.

Denne bransjemodulen er identisk med eitt av emna i studieplanen til studiet Grønn omstilling, ei ny utdanning på 60 studiepoeng. Studentar som har fullført bransjemodulen, får denne godkjent om dei seinare vil studere Grønn omstilling.

Kvalifikasjon/tittel

Fagskulen Vestland