Nøkkelinformasjon

Logo Fagskulen Vestland
Logo Fagskulen Vestland

Lærested

Nivå

Fagskolestudium

Studiepoeng

10.0

Semester

1

Studieform

Nettstudium, samlingsbasert

Om studiet

Brenn du for nyvinningar som robotteknologi og digital produksjon? Ynskjer du å lære korleis sensorar og robotar fungerer i industrien? Då er dette kurset midt i blinken for deg. Kurset gjev 10 studiepoeng.

Har du fundert på korleis sensorar og robotar bidreg til å effektivisere og automatisere produksjonsprosessane i dagens fabrikker? Dette vil du få innsikt i gjennom dette kurset. Du lærer om dei ulike robot-teknologiane og korleis ein tilpassar desse til ulike oppgåver og miljø. Du vil og få eit innblikk i korleis robotane kommuniserer med sensorar og andre einingar i eit integrert system. Du vil få forståinga for korleis data frå desse ulike systema kan nyttast, og analyserast. Undervisninga vil og gje praktisk erfaring i å nytte digitale modeller for å programmere, og styre robotar på ein enkel måte.

Utdanninga er innom tema som industriell sikkerhet, digitale produksjons maskiner med robotikk, skytenester og sensorteknologi.

Opptaksinformasjon

Fagskulen Vestland legg ut frist så snart dei har avklart kva tid det vert oppstart.